Det skal noe til å treffe planken. I livet, og i Venezuela. Her følger eit samansurium av eit manifest, der alt heng i hop med alt. Her får du vite kven eg heier på, og kven eg ikkje forstår.
Eg heier på damelaget. Noting compares to you, Sinead O’Connor, Hannah Ryggen, Greta Thunberg, Tracy Chapman, Vigdis Hjorth, Pippi, Svetlana Aleksijevitsj, Deeyah Khan, Marie Sneve Martinussen, Sigrid, Anette Sagen, Rosa Luxemburg, Herbjørg Wassmo, Unni Rustad, Julie Ebbing.
Eg heier på brura, (dekknamn Aud Steinsbekk). Gjennom snart 40 år har ho hjelpt eit par tusen incestutsette bearbeide trauma sine. No, i ein alder av 73, er ho på veg til Lesvos for å arbeide med fleire traume.
Eg forstår ikkje menn som blir aggressive av kvinnefrigjeringa. Kanskje er forklaringa at eg ikkje er mye til mann. Det lever eg i så fall godt med.
Eg fatter ikkje moteslaveriet. At Twiggy kan vere idealet det eine året og Dollie Duck det neste, med botoxnebb og silikonstjert. Milliardar på milliardar til hud og hår og pupper og lår. At vi let oss hjernevaske igjen og igjen.
…
Eg godtar ikkje at vi må øydelegge naturen for å berge klimaet. Om vi må teppebombe mødrelandet med vindmøller for ikkje å bli kokt, så får det heller vere. Reindrifta er raudlista nok som ho er. Derfor kan vi heller ikkje bygge Nord-Norgebanen.
…
Eg meiner drivstoff burde ha kosta ti gonger så mye, og at økonomien må krympe for at vi skal overleve. Som ein konsekvens må vi kvitte oss med kapitalismen. Økonomien må vere styrd av folk flest, ikkje eit forsvinnande lite mindretal som berre er ute etter å karre til seg mest mogleg før dei deler ut smuler for å kunne smykke seg med ein glorie..
…
Eg heier
på den meksikanske fiskaren. Han som kom til hamna med fin fangst. Turisten frå
USA skraut, men spurde kvifor han kom inn så tidleg.
– Dette er nok til å brødfø familien, fikk han til svar.
– Kva gjer du resten av tida?
– Eg søv lenge, så fisker eg litt, leiker med ungane og tar ein kvil med kona.
Om kvelden går eg ein tur inn til landsbyen, tar eit glas med venene og speler
gitar. Eg har eit rikt liv.
Turisten snøfta:
– Eg har siviløkonomeksamen frå Harvard. Eg kan hjelpe deg. Du burde bruke meir
tid på å fiske så du kan kjøpe større båt, så fleire båtar. Til slutt har du
ein heil flåte. I staden for å selje til ein mellommann, kunne du selje direkte
til fabrikken. Etter kvart kunne du opne din eigen fabrikk. Men da måtte du dra
frå denne lille landsbyen. Med tida kunne du styre alt frå New York.
– Kor lang tid ville det ta?
– 15-20 år.
– Og så?
USAnaren smilte og sa at her kom det aller beste:
– Når tida er inne, kan du ta selskapet på børs, selje aksjane og bli veldig
rik. Du kan tene millionar.
– Millionar? Og kva så?
– Da kan du trekke deg tilbake og flytte til ein landsby ved kysten. Der kan du
sove lenge om morgonen, fiske litt, leike med ungane og ta ein kvil med kona.
Om kvelden kan du gå ein tur til landsbyen, ta eit glas med venene og spele
gitar….
…
Mexico-historia vandra på nettet for mange år sia. Opphavleg sto den visstnok i Heinrich Böll-boka “Anekdote zur Senkung der Arbeitsmoral”.
Eg meiner å ha lese ein stad at om vi alle arbeidde to timar om dagen, ville verda gå rundt med glans. Meir skal ikkje til. Personleg er eg heilt einig med Paradis-Oskar i Astrid Lindgrens fantastiske «Rasmus på loffen»: «Når det gjeld arbeid, kan eg klare meg med lite.»
Vi kunne starte med sekstimarsdagen. Den ville utan tvil ha gjort livet lettare for utruleg mange.
…
Eg er rimeleg sikker på at Hugo Chavez hadde betre intensjonar enn Donald Trump, Barack Obama og Hillary Clinton. Til saman. Grab them by the pussy-Donald, Barack med dronene og Wall Street/Heia Israel-Hillary er pene i tøyet, men drep med fullt overlegg over heile verda. Dei representerer USA, landet som står medansvarleg for fleire titals regimeskifte og millionar drepne sia andre verdskrig. Demokratisk? Kyss katta!
Chavez drap, han og, men han sende ikkje soldatar til framande strender med imperialistisk føremål. Han sende billig olje til fattigfolk i USA og berga Argentina ut av klørne til IMF. Chavez trefte ikkje planken. Han dreit på draget på så mange vis, han var overmodig og uansvarleg, men på hans vakt sokk talet på ekstremt fattige i Venezuela frå 23 til 8 prosent, arbeidsløysa frå 14 til 7 prosent og talet på spedbarnsdøde frå 20 til 13 promille. 10.000 cubanske legar jobba over heile landet som betaling for olje. Og dette er ikkje regimets tal.
…
Eg elsker Cuba. Ein revolusjon med snerk, men framleis ein revolusjon. Ingen stader har eg sett folk leve liva sine slik som der. Ikkje berre eksistere. Leve. Det var i Havanna eg først såg folk danse mens dei jobba. Bygningsarbeidarar som dansa mens dei blanda sement.
Ein korbror kom nettopp tilbake frå sin første Cuba-tur. «Det er den mest harmlause plassen eg har vore,» oppsummerte han. Nettopp. Ingen stader er eg meir lykkeleg enn på ein benk på Prado, paradegata i Havanna. Berre sitte der og ta inn atmosfæren. Skoleungane som har gymtime midt i hovudgata midt i hovudstaden. Synet av falleferdige ruinar og nydeleg restaurerte hus side om side. Gamle, USAnske bilar som enno heng i hop, lukta av sigar, den levande musikken som strøymer ut av eit øvingslokale, dansarane.
Castro sende soldatar til framande strender. Innsatsen deira i Angola var eit avgjerande bidrag for å få slutt på apartheid-regimet i Sør-Afrika. Den første utanlandsreisa til Nelson Mandela etter at han vart sett fri, gikk blant anna til Cuba. «Den cubanske revolusjonen er ein inspirasjon for alle fridomselskande folk,» sa han da.
Mandela vart kritisert for denne støtta. Til det svarte han:
Ja, Cuba slit med korrupsjon og ein diger svart økonomi og eit folkestyre som langt frå er noko idealdemokrati, sjølv om deltakinga ligg himmelvidt framom vår lapp i ei urne annakvart år. Vanstyre og maktmisbruk er utbreidd. På mange vis er Cuba ein politistat. USA har ikkje skulda for alt som er vrangt, sjølv om blokaden deira har enorme konsekvensar og blir fordømt av eit samla FN minus USA og Israel år etter år etter år.
Mitt poeng er at midt oppe i denne revolusjonen med snerk finst ei livsutfalding eg ikkje har sett nokon annan plass på jorda. Denne harmlause veremåten, desse fantastiske folka som er så lette å bli glad i, for meg uttrykker dei noko grunnleggande sunt. Trass i alt det skeive og skakke, er eg ingen plass lykkelegare.
…
Eg fatter ikkje at nokon går på limpinnen til Tilbakestegspartiet som liker å kalle seg Frp. Kor er logikken i at rike skaper fleire arbeidsplassar hvis dei får mindre skatt, mens fattige blir stimulerte til å jobbe meir om dei blir fråtatt det lille dei har?
Korleis er det mogleg å stemme på Sylvi Listhaug og Jon Helgheim når dei vil innføre dobbel straff i område der folk slit mest?
Heilt lokalt: Korleis er det mogleg å ta på alvor eit parti som vil rive Svartlamon og bygge høgblokker der? Har Johan Nordbøe noen som helst idé om kva Trondheim vinn på å ha ein slik oase, og kva det ville koste menneskeleg og økonomisk å fjerne den? Openbert ikkje. Spørsmålet er om han har vore der i det heile tatt før han drog med Adressa dit, sia han kan få seg til å påstå at dei som bur der tilhører ein elite. Forresten, kanskje han har rett. Ordboka seier at elite er ei samfunnsgruppe som blir rekna for dei førande, og nemner kulturell og politisk elite og åndselite. I sin vilje og evne til å leve alternativt, ressurssparande og kreativt kan eg godt gå med på at svartlamonittane utgjer ein kulturell og politisk elite. Det skal noe til å treffe planken i livet. Eg trur svartlamonittane klarer det betre enn dei fleste.
…
Til slutt: Sist laurdag vart ein ungdom drepen av ein annan i flyktningleiren Moria på Lesvos. Der er 10 000 flyktningar pressa inn i eit fengsel bygd for 2 200. Vald og rus eskalerer i ein situasjon der sterkt traumatiserte blir førebudde på å måtte leve i fire år, mange utan tak over hovudet, der kloakken rinn open, der tida i matkøa kan komme opp i tolv timar.
«Jeg tilgir ikke regjeringen, for de vet hva de gjør», skriv psykolog Katrin Glatz Brubakk, som er i Moria for sjuande gong på oppdrag frå Legar uten grenser. Det gjer ikkje eg heller. Dei seier at vi må hjelpe flyktningane der dei er, men dei gjer det ikkje.