logo

gammelalbert.no

  • Heim
  • Kategoriar
    • Tilbake
    • Du store verden
    • Innaskjærs
    • Hummer og kanari
  • Om
  • Kontakt
  • Heim
  • Kategoriar
    • Tilbake
    • Du store verden
    • Innaskjærs
    • Hummer og kanari
  • Om
  • Kontakt

Tarriff for parorganiserte

  • august 26, 2019
  • Hummer og kanari
  • 2 kommentarer

Brura og eg har tarriff. Den forgyller kvardagen. Vi hugser ikkje lenger om eller når eller med kven vi forhandla, men resultatet er såpass strålande at vi gjerne deler:

Ettermiddags- og kveldstarriff: Fotpusk. Foto: Gunvor Galaaen.

Det starter med kroppsklem. Den første når eg vakner. (Brura, alias Aud Steinsbekk, vakner alltid først.) Da held vi omkring kvarandre og klør kvarandre på ryggen og kysser mens brura fortel kva ho har drøymt og kva planar ho har for dagen. Av og til har eg og draumar og planar.

Så et vi frukost. På senga. Kvar dag. Vi prater vidare, drikk kaffe, les aviser. Så er det ny kroppsklem før vi står opp. Variant: Rett som det er får eg overhendig lyst til å snu vrangsida til brura før vi står opp, slik at ho får klødd meg på den delen av ryggen ho ikkje når fram til når eg ligg på den andre sia. Så gjer eg det, og så klør ho. Det er så godt at det burde vere ein menneskerett.

Etter middag kviler vi, med kroppsklem. No er kroppsklemmen posisjon 1. Posisjon 2 er når brura snur ryggen til og varmer den kalde rumpa si mot min varme mage. I posisjon 3 held vi kvarandre i handa til svevnen begynner å ta oss.

Kvil hos oss vil seie djup svevn i ein time, før vi vakner av oss sjølve. Ny kroppsklem.

Så står vi opp og drikk kaffe. Tida er inne for fotpusk. Vi sit vende mot kvarandre i sofahjørnet. Av med sokkane. Føtene i fanget til kvarandre. Kløing og stryking av fotsåler og mellom tærne og oppover leggane. Sånn kan vi halde på heile kveldane, enten vi les eller ser på tv eller prater. Skal vi ut ein tur, på vandring, konsert eller besøk, er vi raskt tilbake i fotpuskpositur så snart vi ei heime.

Leggetid. Ny kroppsklem. Posisjon 1, 2 og 3. Lykke.

Tweet
  • august 26, 2019
  • Hummer og kanari
  • 2 kommentarer

  1. Terje Romslo sier:
    august 28, 2019, kl. 7:44 pm

    Har ein slik drøm eg og:)

    Svar
    • gammelalbertno sier:
      august 28, 2019, kl. 9:44 pm

      Skjønner eg godt, Terje. Skulle ønske alle kunne ha det sånn. Alt vel!

Legg igjen en kommentar Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Siste kommentarer

  • Margaret Hennum til Flokken til Steigan
  • Aud Steinsbekk til Farzads historie, del II
  • Carla til Farzads historie, del II
  • Hans Robertsen til Elefanten i tunet
  • gammelalbertno til Elefanten i tunet

Arkiv

  • november 2022
  • august 2022
  • mai 2022
  • april 2022
  • mars 2021
  • november 2020
  • september 2020
  • desember 2019
  • november 2019
  • oktober 2019
  • august 2019
  • april 2019
  • mars 2016
  • juni 2008
  • januar 1990

Lenker

WordPress-tema av Sircon